onsdag 15. april 2009

Den siste tida

Då var det ei stund sidan sist innlegg igjen. Nå har eg kome trygt heim til Noreg igjen, men utanom det...

Så har det skjedd mykje i tida mellom infield og heimreisa:
  • Me reiste tilbake til Sab Nam, men krisa ville ikkje gje seg, så ei tid så hadde eg bare ein arbeidsdag i veka. Dette resulterte i at eg og Øyvin reiste til Antsirabe og arbeida med Birgitte (ettåring) på barneheim.
  • Me var i Antsirabe i ei veke og fant på mykje gildt. Blant anna så hadde me ein kjempe fin sykkeltur til Tritriva, som er ein utbrent vulkan. Her gjekk det og ann å bade, så det gjorde me. Me brukte og mykje av dagene på å gjere ingenting, noko som faktisk var vanvittig kjekt. Ellers så nøyt me livet med misjonærar og koseleg atmosfære på det norske tunet.
  • Etter ei veke reiste Øyvin og Birgitte til Mahajanga, medan eg reiste tilbake til Ingrid i Sab Nam. Her var me ei veke, og denne veka fekk me faktisk lov til å arbeide, ettersom krisa gav seg litt. Grunna ny president (Andry Rajoelina) i Madagaskar.
  • Etter ei veke effektiv jobbing, reiste eg og Ingrid til Vohipeno for å besøkje Preben (ettåring). Han arbeider på ein jordbruksskule der. Her var me blant anna på piknik med lakana (kano), arbeida på rismarka (kutta ris) og hadde Takhariva mahafinaritra med dans og sang, latter og glede, med elevene der. Det var sørgeleg å måtte forlate denne staden etter 3 dager. Ferda jekk deretter videre til Farafangana for å besøkje familien til kontaktpersonen vår. Her møtte og gutane oss, ettersom det ikkje vart noko av båtturen denne gongen heller. Det var nokre koselege dager. Her vart det òg tur med lakana, landsby-besøking, råning med motorsykkel av gassisk standard og bading i sjøen. Soling og bading vart det eigentleg ikkje så mykje av, ettersom det regna dei dagene me hadde sett av til det. Men me fekk i alle fall ein halv dag soling.
  • Så gjekk turen heim igjen. Resten av oppholdet bruka me på pakking og farvel. Det var trist å ta farvel til alle dei fantastiske folka me har vorte kjende med!
  • Onsdag 8 april reiste me til Ilofav, kvar me overnatta, før turen gjekk heim til Noreg med fly neste dag tidleg om morgonen. Etter 15 timers reis (med tidsforkjellen), satte me atter ei gong føtne på norsk jord!

Eg har hatt nokre kjempe fine 6 månadar på Madagaskar, kvar eg har lært mykje, både om kulturen og språk. Det har vore eit spanande og lærerikt opphold, med mange nye erfaringer og opplevingar.

Ingen kommentarer: