Lørdag 6 desember begynte den uforglemmelige reisen. Me reiste ut til båten om kvelden med somarfuglar i magen og skyhøge forventninger. Me reiste heile natten og vakna neste morgon til strålandes sol og sjø. Det var fantastisk å sitje på dekk å sjå ut over sjøen. Heile denne dagen gjekk til å slappe av og nyte livet. Neste morgon kom me fram til den første landsbyen. Landsbyane her har ikkje vegtilgang og greier seg på ganske primitivt vis. Alt dei treng, produserer dei sjølv. Husa var laga av palmeblader og golvet var av jord med stråmatter. Landsbyane låg nede ved stranda, noko som gjorde det heile mykje koseligare. Me fekk ein varm velkomst av mange smilande menneske, men mange var og veldig skeptiske. Det er ikkje kvar dag dei ser kvite folk. I den første landsbyen besøkte me evangelisten og såg på skulen og det arbeidet shalom har der. Me fekk og vera med på eit husmøte. Me måtte gå ei stund for å koma til staden me skulle vera. På vegen var det mange mangotre, så eg og Ingrid nytta muligheten til å plukke oss ein mango. Det er ikkje kvar dag ein får gjer det. På husmøtet hadde dei andakt og salmesang. Opplegget vårt her var å leike med ungane på stranda. Ei som var med oss lærte dei og “Jesus elsker alle barna” på gassisk, som me og fekk god nytte av;) Me hadde og engelsk på skulen der. Me var i denne landsbyen i 2 dagar før me reiste videre.
I neste landsby gjekk det mykje i det same. Her var det ikkje evangelist, men me snakka med ein av lærarane på skulen som shalom har der. Denne landsbyen hadde to skular. Den eine var shalom sin og den andre var statleg. Denne landsbyen består mest av muslimer. Så problemet her var at dersom shalom sin skule underviste ungane i kristendom, så tok dei ungane ut av shalom sin skule og inn i den statlege. Derfor var det vanskeleg å evangelisere her. Det var likevel nokre kristne som samla seg til gudsteneste på skulen kvar sundag. Opplegget her var og å leike med ungane og ha engelskundervisning på skulen. Første dagen lærte me ungane på skulen nokre engelske sanger og leikte “fruktsalat”, som vart ein stor suksess. Me skulle og leike med ungane på stranda. Me hadde med oss ein innfødt som kunne litt engelsk, som skulle vera med oss å leike med ungane. Då me kom til stranda og skulle dra med oss nokre ungar, var det ei sur gamal dame som sa at dei ikkje fekk lov å leike med oss. Ho var sikkert redd sidan me var kvite. Plutseleg forsvant han som var med oss. Så eg og Ingrid fant ut at me bare måtte gjere det beste ut av situasjonen, og etter å ha fått litt godvilje sjå den gamle satte me oss ned med dei få ungane som var der og drog fram litt teikneark og fargeblyanter. Det tok ei stund før ungane vågte å teikne, dei sat lenge og bare såg på oss då me teikna. Etter ei lita stund kom den innfødte tilbake igjen, og då hadde han med seg ein flokk med ungar som ville leike. Me la fra oss teiknesakene og satte i gang med å organisere litt leik. Me leika først litt “bro, bro, brille”, deretter leika me “slå på ringen”. Det tok heilt av. Ungane var “spinnvidle“. Men det var ikkje bare ungane som koste seg, og resten av landsbyen sat utanfor husa sine og såg på og var nesten like engasjert som ungane sjølv. Kjempe kjekt! Men den varme sanden og vill leik resulterte ikkje bare i latter og glede. Ingrid fekk nokre store vannblemmer på foten som gjorde det vanskelig for ho å gå på foten.
Neste dag då me skulle inn til landsbyen frå båten så var det langgrunnt. Me måtte vasse i gjørme i 200 meter. Dette var ikkje noko lurt med åpne sår etter vannblemmene, så då me kom fram på stranda måtte Ingrid bruke legekunnskapene sine så godt hu kunne. Ho skar opp såret og renskte det med vann og desinfiserende. Dette vart dagens begivenhet for innbyggjarane i landsbyen. Dei flokka seg rundt Ingrid som sat å streva med å rense sårene. Etter dette var me med på husmøte. Dette var ein fin opplevelse. Me hadde med oss ein hyrde så då fekk me vera med på åndeutdrivelse og fekk forbønn. Etter møtet reiste vi til båten igjen for å spise, noko som me gjorde kvar dag. Etter å ha spist middag hadde me alltid nokon timar pause før me begynte igjen, for å sove litt. Eg må verkeleg seie at eg likar den avslappa livsstilen. Etter maten fekk ikkje Ingrid vera med tilbake, for å unngå at foten vart verre. Så då reiste eg inn aleine og hadde engelskundervisning for skuleungane. Neste dag reiste me vidare. Me stoppa i ein annan landsby på vegen for å hente vatn. Me vart med inn til land. Denne landsbyen var litt større. Her besøkte me ei kvinne. Hu kjente ein mann som hadde fått som nådegave at spyttet hans kunne lege forbrenning. Då hu fekk vite at Ingrid hadde brannsår under føtene, ringte hu til denne mannen med en gang, slik at han kunne kome å spytte på føtene til Ingrid. Etter ein liten stund var han på plass. Etter å ha snakka med dei andre ei lita stund sette han i gang med å spytte på sårene. Kjempe morosamt. Etter at han var ferdig takka me og gjekk. Så reiste me videre til neste landsby.
Denne landsbyen var definitift den finaste. Her var det grønt og frodig og koselige hus. I denne landsbyen var det tabu å arbeide på tirsdag og torsdag, så ettersom me var der på ein lørdag så var dei fleste i arbeid. Dette resulterte i at det ikkje var så mange folk i landsbyen. Dermed var det ikkje så mykje å gjere. Me besøkte evangelisten i landsbyen som nettåp hadde flytta bort her. Shalom har nettåp begynt å arbeide her, så dei har ikkje gjort så mykje i denne landsbyen. Likevel var det denne landsbyen det var flest kristne i. Evangelisten leide eit hus kvar han og famelien budde i den eine enden og hadde kyrkje i den andre enden. I motsetning til dei andre landsbyane består befolkningen av folk som bare praktiserar fedredyrkelse og ikkje islam. Etter besøket spurte om å få dusje sjå dei, ettersom det ikkje var mulighet for å dusje på båten. Tidligare har me fått låne nokre bøtter med vatn, ein kopp til å helle over oss og eit avlukk for å dusje. For dusj finnes ikkje her. Det var dette me forventa nå og, men i staden gav kvinnen i huset oss ei bøtte og viste oss til ein brønn på ei open slette. “Her kan de dusje!”. Slik vart det til at me dusja på ei open slette. Dette vil eg seie toppar nakenbading! Etter dette fekk me middag og hadde en lang middagskvil i skyggen av eit mangotre. Etterpå var det gudstjeneste. Då gudstenesta var ferdig var det på tide å reise heim. På vegen heim fekk me følge av nokon kyrkjefolk. At dei ikkje budde i nærheten av stranda hadde ikkje noko å seie. Det var viktigare å vise høflighet. Då me nesten var framme ved stranda begynte det å pøsregne! Då regnet begynte søkte me ly under taket på eit hus i strandkanten. Der stod me ei stund å venta på at regnet skulle gje seg. Etter ei lita stund kom det ein liten gutt som budde i huset. Han gjekk inn i huset. Og ettersom det nå var åpent, så gjekk bare alle inn. Sjølv om det ikkje var nokon som kjende dei som budde der. Me sat inne på golvet og snakte og sang då plutseleg hu som budde der kom inn døra. Men hu gav ikkje noko teikn til at det gjorde noko. Koseleg kultur altså! Me sat her til regnet hadde gidd seg litt. Deretter reiste me ut til båten og begynte på heimreisen. Søndags kveld var me tilbake til Mahajanga igjen.
Livet på båten var heilt fantastisk. Sol (helst litt vind og), sjø og båt er ein veldig god kombinasjon. Om natten fekk me og sove ute med stjerneklar himmel og bølgebrus (i alle fall nokre netter). Utroleg fint! Mannskapet om bord og dei andre som var med var kjempe greie, så me hadde det veldig godt på båten!
Dette har vore eit minne for livet. Fantastisk og lærerik reise.